21.11.09

Disputas 1 (oppdatering) 

Medan vi feirar målsogedoktorar: Dei som ikkje fekk med seg Per Halse sin disputas over avhandlinga "Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908" live og i realtime, som det heiter på nynynorsk, kan høyre heile greia som podcast.
# lagt inn 21.11.09
Send innlegget til nokon du kjenner

20.11.09

Dr. Hoel 

Maratonløp for Oddmund Løkensgard Hoel i dag. Først prøveførelesinga ”Mål og maskulinitet. Kjønnsperspektiv på målreisinga som ideologisk, kulturelt, språkleg og organisatorisk fenomen 1885-1940”. ”Var målsaka kjønna”, spurte han, og gav tilhøyrarane litt meir enn det opplagte svaret ”ja”. Etter ei innleiing om kjønnsforsking og målsak fokuserte han på tre område, militariseringa (delar av målrørsla hadde ein forsvarsvilje over gjennomsnittet i tida omkring unionsoppløysinga og fram til første verdskrig; dette er òg eit viktig element i avhandlinga), det nynorske husmoridealet og målorganisasjonane. Han fann meir av feministiske spor enn tidlegare målhistorikarar har gjort, men her er stort rom for meir forsking. Det blei vel eigentleg tala meir om kvinnenes posisjon enn om målrørsla som mannsgreie, noko som òg blei påpeikt av andreopponenten mot slutten av disputasen.

Disputasen skulle altså avviklast same dag. Ingen lettvinne løysingar av den grunn, dette var disputas i full skala. Doktoranden gav sjølv ein kort og konsis presentasjon av ”Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940”. Avhandlinga (589 sider brutto) drøftar målrørsla sitt tilhøve til dei to historiske prosessane nasjonsbygging og modernisering, det siste ved hjelp av tre område: urbaniseringa, industrialiseringa og framveksten av arbeidarrørsla. Problemstillinga reiser to spørsmål, for det eine om grunnane for den raske framgangen til målrørsla i første del av perioden, for det andre om moglege føresetnader alt i denne fasen for tilbakegangen etter siste krig. Førsteopponenten, Torbjörn Nilsson frå Södertörns högskola, fokuserte særleg på moderniseringsbegrepet og på dei val og avgrensingar doktoranden her hadde gjort når det galdt studieobjekt og metodiske innfallsvinklar. Eg likte forma, opponenten hadde brote innlegget opp i ni teser, med godt rom for svar frå doktoranden. Da gjer det ikkje så mykje om eit par av ordvekslingane blir noko mindre engasjerande, det var nok av gode spørsmål og svar. Andreopponenten, May-Brith Ohman Nielsen frå Universitetet i Agder, hadde ei meir monologisk form, men med aukande rom for doktoranden og klar stigning mot slutten av innlegget. Ho etterlyste alternative innfallsvinklar. Om eg forstod ho rett, reiste ho mellom anna spørsmålet om dreiinga i fokus for den offentlege debatten frå nasjonsbygging til sosiale problem og velferd, særleg i 1930-åra, kan ha hatt noko å seie for stagnasjonen til målsaka. Mest interessant fann eg likevel sluttsekvensen, der doktoranden blei utfordra på spørsmålet om korleis og i kva grad hans eige målpolitiske engasjement har påverka spørsmålsstillingane og tilnærmingane hans, til dømes valet om å studere elitesynspunkt framfor eit breiare praksisfelt. Tilhøvet mellom forskarsubjekt og forskingsobjekt er hermeneutisk svært interessant, men denne drøftinga fekk for lite rom, synest eg. Endeleg opponerte Ottar Grepstad frå Nynorsk kultursentrum ex auditorio. Det blei ein kort, men interessant samtale om behovet for å historisere begrepet ”språk”, som oftast berre blir tatt for gitt. Er ”norsk” eitt eller to språk? Er nynorsk ”meir enn eit språk”, og kva meiner ein i så fall med det?

Alt i alt ein svært interessant dag, vel verd turen til Trondheim. Det synest nok òg sambygding Arnhild Skre, som fekk mykje mat til sitt neste prosjekt (biografien om Hulda Garborg), vil eg tru. Elles var det svært hyggeleg å treffe att Torlaug Løkensgard Hoel, ei av mine gode hjelparar frå den faglitterære forfattarutdanninga. Ingen går frå henne utan auka frimot til å uttrykke seg skriftleg. Namnelikskapen med dagens doktorand er ikkje tilfeldig, dei er mor og son. Gildt var det òg å helse på den strengaste kommisjonen til Oddmund, kone og barn. Hyggelege gjensyn var elles forleggjaren og konsulenten til ei bra bok om Blix, Sverre Tusvik og Ottar Grepstad.
# lagt inn 20.11.09
Send innlegget til nokon du kjenner

Prisnytt: Blix-prisen 

Enda viktigare enn Brageprisen er sjølvsagt (for BlixBlog) utdelinga av minneprisen for Emma og Elias Blix. Den går i år til Bodø-artisten og produsenten Are Bredal Simonsen. Juryen seier mellom anna:
I nordnorsk språkdrakt, med umiskjenneleg bodødialekt, skriv han poplåtar som skildrar liva våre i stort og smått; tekstane hans evnar å vise lyttaren magien i kvardagen og augneblinken, som i til dømes den særs vellykka poplåta “paradis”. Songen held fram bitte små glimt av Paradis; her er dei små gledene i kvardagen, eit glimt at lys januar, ein sms frå ein gammal venn, og glømte skattar ein finn igjen. Slik løftar Bredahl Simonsen det kvardagslege til noko større, poetisk, og han maktar å skape ein høgare himmel over dei små liva våre. Og på dette viset blir tekstane hans også små kvardagssalmar i livet til det moderne mennesket; melodien er smart pophandverk og tekstlinjene løfter blikka våre og lar oss sjå kvardagslivet vårt i eit nytt lys som skapar undring. Det er ei gåve å få ein sms av ein gammal venn, eller kjenne det første lyset i januar, og orda til Bredahl Simonsen får oss til å stoppe opp ved akkurat dette.
Dette er eit spennande val, eit slag "crossover", kan hende. Det er altså for TEKSTANE sine musikaren Simonsen blir prisa. Les heile grunngjevinga hos Avisa Nordland.
# lagt inn 20.11.09
Send innlegget til nokon du kjenner

Trondheim 

BlixBlog bloggar i dag frå Trondheim, på veg til Oddmund Løkensgard Hoels alt mykje omtala disputas over avhandlinga "Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940".
# lagt inn 20.11.09
Send innlegget til nokon du kjenner

Prisnytt: Brage 

Så er vinnarane av Brageprisen kåra. BlixBlog gratulere dei utvalde, særleg dei to som er mest nærskylde med interessefeltet her: Noregs nye barnebokdronning Maria Parr og bibelomsetjar Karl Ove Knausgård, meir kjend som romanforfattaren eller hovudpersonen med same namn.
# lagt inn 20.11.09
Send innlegget til nokon du kjenner

17.11.09

Song i Aasentunet 

Aasentunet:
Terje Aarset om den nynorske songskatten
Søndag 22. november handlar det om ord og tonar frå den nynorske songskatten i Aasen-tunet.
...

Den nynorske songskatten er både ei oppslagsbok, eit rikt faglitterært kjeldeskrift og spennande lesnad for alle som har interesse for norsk folkesong. På søndag får heile møtelyden vere med i allsong på fleire av desse songane. Magnar Åm spelar piano, Siv Kristin Aurdal er forsongar og syng i tillegg solo på nokre songar.

Terje Aarset er førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen i Volda. Han har redigert og gjeve ut ei rekkje bøker innanfor emna språk, litteratur, bibliografi, lokalhistorie og musikk. Aarset er aktiv musikar og arrangerer musikk, særleg for kor.
Der skulle vi ha vøri, Kal. Eg får trøyste meg med boka, den er utruleg flott.
# lagt inn 17.11.09
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmenytt 

frå Kyrkja.no:
Ny salmebok utsettes

- Høringen gir ikke grunnlag for å utgi en salmebok i to bind nå. Vi vil utrede alternativer for veien videre med salmebokarbeidet, og legge disse alternativene frem til drøfting på møtet i Kirkerådet i mars 2010.

Dette sa Kirkerådets direktør Jens-Petter Johnsen til Kirkemøtet 17. november.
# lagt inn 17.11.09
Send innlegget til nokon du kjenner

16.11.09

Blix på MF 

"Minnet som filosfisk modus"
Elias Blix heldt sitt indre aktivt gjennom minne-akta:

"I min heim var eg sæl avdi Gud var attved, og eg minnset [sic > minnest] so vel kor det anga Guds fred// Når til kyrkje me for, når me heime heldt kor/når med moder eg bad/Å eg minnest så vel denne stad".
minns
Det indre sacrum vart levandegjort ved minnet. Den røynde og lærde hebraiskprofessoren på denne måten varpe [sic > tok vare?] på sin indre barndom. Det var nok det som gjorde han til diktar.
Pater Arnfinn Haram OP i tale til praktikumskullet sitt ved jubileumsfesten sist helg.
# lagt inn 16.11.09
Send innlegget til nokon du kjenner

15.11.09

Disputas 2 (oppdatering) 

Som før nemnt, fredag 20. november er det doktorgradsprøver for Oddmund Løkensgard Hoel ved NTNU i Trondheim. Det gjeld avhandlinga "Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940". Dette har eg tenkt å få med meg.

På Krundalsbloggen kan du lese om generalprøva i heimen før disputasen.
# lagt inn 15.11.09
Send innlegget til nokon du kjenner

14.11.09

Platenytt 

Frode Hermanrud melder Kyrkjebø/Nordstoga i Oppland Arbeiderblad (berre "Oppland" mellom vener):
For Strålande jul seiler opp til å bli årets flotteste julealbum, såpass tøff tør jeg å være. Mye av grunnen er at det er så tydelig at dette ikke er noe hastverksprosjekt hvor de i hui og hast har spilt inn noen kjente julesanger. Her finnes nok av tradisjonelle sanger, men det er av typen hvor Elias Blix har stått for oversettingen, som i Den fagraste rosa som med sin flotte orkestrering og lette spellemannstakter seiler opp som et av albumets aller flotteste spor.

Det er lite julenisser og dombjeller på albumet. Partyfaktoren er lav, til gjengjeld gir Kyrkjebø/Nordstoga noe så sjeldent som et julealbum hvor detaljene og musikken spiller hovedrollen.
# lagt inn 14.11.09
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours? Weblog Commenting and Trackback by HaloScan.com